Om oss:

Balholm er det gamle navnet på Balestrand, som ligg i midtre Sogn. Dette er ein lun fjordregion, der frukttrea truleg har blomstra sidan vikingtida. Klimaet i Sogn gjer at frukta modnar saktare enn på sørlegare breiddegrader, noko som gir meir syre og konsentrert smak. Då Åge Eitungjerde overtok bruket etter bestefaren på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på.  Balholm  – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; den første heilt naturleg fruktmost på den norske marknaden. I dag lagar Balholm over 40 ulike produkt, både fruktmost, limonade, cider, fruktvin og brennevin. Åge og kona Eli Grete Høyvik har sidan 2004 bygd opp Ciderhuset i den gamle frukthagen frå 1922, ut frå ein idé dei trudde på; «Frukt er utruleg spennande – og cider er den norske vinen.» Med fire born i huset – Gard, Solveig, Ragnhild og Heidrun – var det bra med arbeidshjelp opp gjennom dei første åra. Då sonen Gard og kona hans, Tuba, frå Tyrkia, bestemte seg for å slå seg ned i Balestrand, vart Ciderhuset fornya. Dei etablerte sommarrestauranten som raskt blei ein suksess, og starta sjokoladeproduksjon og vidareførte interessa si for internasjonalt samarbeid gjennom Erasmus-prosjekt. Frå og med 2022 har Tuba og Gard overteke som eigarar av Ciderhuset. Neste generasjon veks til og har sjølvsagt både frukt frå hagen og Balholm-most i glaset som favoritt.

Ved at bruge hjemmesiden accepterer du brugen af cookies Mere information

Cookie indstillingerne på denne hjemmeside er aktiveret for at give dig den bedste oplevelse. Hvis du fortsætter med at bruge hjemmesiden uden at ændre dine cookie indstillinger eller du klikker Accepter herunder, betragtes dette som din accept. Dine cookies vil blive gemt i op til 24 måneder.

Luk